- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
DANSEN MED ORDA

Av:
Kjartan Fløgstad

349.00

Tips en venn om denne boka:









DANSEN MED ORDA

SONGAR

Fløgstads songtekstar samla for fyrste gong
«Songdiktinga har følgt meg gjennom heile forfattarskapen. Alt i debutboka står det metriske og songbare vers, som også har blitt tonesette. Frå og med Dalen Portland (1977) dukkar songar av ulikt slag opp i prosateksten. Sett i samanheng går det godt an å seia at heile forfattarskapen min har tre bein å stå på. Det er fortellande prosa, utgitt som romanar, det er essay, og songdikting. Gjennom samarbeid med musikarar og komponistar har det tredje beinet i denne tripoden blitt stadig stødigare», skriv Kjartan Fløgstad i forordet til boka.


Dansen med orda samlar songlyrikken til Fløgstad, med korte introduksjonar av forfattaren sjølv. Mykje er henta frå romanar og prosautgjevingar, mens anna er skrive på oppdrag og framført med nokre av landets fremste musikarar. Noko er enno ikkje tonesett – og andre songar er så nye at dei ventar på å bli framførte.


Boka er utforma i eit hendig format. Ho får plass i ei jakkelomme og kan såleis bli ein følgjesven til bryllaup og gravferd – og alle store og små hendingar som fell mellom dei to.

Utgivelsesår: 2024
Forlag: Gyldendal
Innbundet: nei
Sidetall: 228
Isbn nr.: 9788205602007
Språk: NO

Emneord:
Musikk
Lyrikk

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.