Din handlekurv er nå tom!
Elena Ferrante er ein av dei mest lesne og kritikarroste forfattarane på 2000-talet. I den nye essaysamlinga si fortel ho meir om kva som ligg bak skrivinga av Napoli-kvartetten og «Dei vaksnes løgnaktige liv», dei ulike tekstlaga i romanane og korleis dei inneber eit skifte frå den tidlege forfattarskapen hennar – eit skifte som handlar om å skrive for andre sitt blikk, noko som ikkje minst gjeld for dei skrivande karakterane hennar. Ho skriv om korleis ho utforskar moglegheitene i romanforma – alltid innanfor margane – og ho skriv om Dante og Beatrice og om bøkene til kanoniske forfattarar som Virginia Woolf, Ingeborg Bachmann, Samuel Beckett og Gertrude Stein, og gir lesaren lyst til å lese. Med «Innanfor margane» stadfestar Ferrante posisjonen sin som ein reflektert og litterær tenkar.
Språk | Norsk |
---|---|
Forlag | |
Innbinding | Innbundet |
Forfatter | |
Oversetter | Kristin Sørsdal |
Illustratør |