,

DUINO-ELEGIAR

Forlag: Samlaget

Utgitt: 2022

62 sider, Innbundet
ISBN: 9788234008139
kr329.00

På lager

Beskrivelse

Rilkes hovudverk i norsk tolking av Jon Fosse.

Rainer Maria Rilke (fødd 1875 i Praha, død 1926 i Sveits) vert rekna som ein av dei aller viktigaste moderne tyskspråklege lyrikarane. Med sin bakgrunn i det tyskspråklege miljøet i Praha, som også Franz Kafka var ein del av, skreiv han fram ein unik forfattarskap. Hovudverket hans, «Duino-elegiar», ligg no føre på norsk i tolking av Jon Fosse. I år er det hundre år sidan det kanskje viktigaste året i historia til den modernistiske diktinga. I 1922 var Rilke etter ti års arbeid ferdig med «Duino-elegiar», same året gav T.S. Eliot ut «Det aude landet» og James Joyce «Ulysses». Jon Fosse har svært lenge vore oppteken av Rainer Maria Rilke og har også tidlegare attdikta tekstar av Rilke.

Kven, om eg skreik, høyrde meg då i englanes
ordnar? og set at ein tok meg brått
til sitt hjarta: eg ville forgå
av hans sterkare nærvær.
For det vakre er ingenting anna
enn det skræmandes byrjing,
som vi berre held ut,
og held slik av, fordi det lognt lèt vera
å øydeleggja oss. Kvar engel er skræmande.

Tilleggsinformasjon

Språk

Norsk

Forlag

Innbinding

Innbundet

Forfatter

,