Din handlekurv er nå tom!
Bøkene om Pode er underfundige og morosame og var med på å etablere Røssland som ein populær barnebokforfattar. I «Pode» må seksåringen Pode og familien ete opp middagen sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå. I «Podekast» risikerer Pode livet når turistsjefen vil underhalde gjestene. I «Pode mister fotfestet» finn vi ut kva som skjer når ein mister alle dei fire framtennene samstundes. I «Anti-Pode», skal Pode feire jul. Faren skal bake femti sortar julekaker, og mora skal syngje femti julesongar. Men Pode, han har det ikkje bra i det heile. I «Pode får snue» får Pode høysnue. I tillegg er nokon ute etter han. I «Da Vinci-poden» får Pode uventa hjelp når han er i nød på eit kunstmuseum.
Språk | Norsk |
---|---|
Forlag | |
Innbinding | Innbundet |
Forfatter |