, ,

SJU GALNINGAR

Forfatter:

Oversetter: Øystein Vidnes

Forlag: Skald

Utgitt: 2024

342 sider, Innbundet
ISBN: 9788279593744
kr299.00

På lager

Beskrivelse

Sju galningar (1929) er hovudverket blant romanane til Roberto Arlt. Det er ei vill forteljing frå underverda i Buenos Aires, der pengeinnkrevjaren og oppfinnaren Erdosain manøvrerer blant små og store kjeltringar, horer og hallikar, skrønande gullgravarar, revolusjonære militære og mystiske drøymarar med stormannsgalne planar.

I samtida blei Arlt kritisert for den ureine stilen sin, men ettertida har sett på han som ein nyskapar. Arlt blanda ulike skrivemåtar og braut både konvensjonar og fornuftas reglar. Historia om den pengelense Erdosain er ein røvarroman med element av surrealisme og skiten realisme. Verket er drive av ein rasande desperasjon, eit agg mot samfunnet og ein hemningslaus fantasi som gjer romanen til ein nærast profetisk parabel over det urolege hundreåret som kom etter boka.

Tilleggsinformasjon

Forfatter

Forlag

Språk

Norsk

Innbinding

Innbundet

Oversetter

Øystein Vidnes

Illustratør